Dagen startar med at eg vaknar seint og trøytt, og lyt springje til bussen. Eg får ikkje ete frukost før eg og far min får rekvirert sjokoladebollar nokre timar seinare. Dette er den store køyre-bil-i-Bergen-sentrum-for-å-øve-til-oppkøyring-dagen. Eg er lettare stressa, eg har sagt til pappa at eg må øve på ukjende situasjonar, og han fiksar. Før eg veit ordet av det er me på veg til Nordnes via Bønes og Fyllingsdalen, og Bergen er så full av vegarbeid og fotgjengarar ein laurdags føremiddag at det er ei lukke at ingen blir overkøyrd. Nesten altså. Eg er ikkje så galen, slik eigentleg, og det skal nok gå bra med heile sertifikatet. Men eg let meg stresse opp. Særskild når pappa byrjar å tulle og å teste meg, som når han insisterar “sving til venstre i neste kryss!”, og det er innkøyring forbudt der, eller bryt ut i høglydt song rett før ei rundkøyring. Ingenting er som “millom bakkar og berg” når ein ikkje veit kvar ein er, kvar ein skal, kvatid det er mogleg å køyre inn i rundkøyringa, kvar rundkøyringa er og kvifor ein er der.
Tilslutt finn me ut at det er påtide å ete, og tek ein pause. Far min dreg meg inn i ein butikk for å finne genser til meg, ettersom eg stel genserane til bror min. (Bror min blir sur. Eg hadde også blitt sur hadde han stole mine, men det hindrar meg ikkje i å stele hans. Men nok om det.) For no vert eg utsett for slike salsgutar som skal selje meg genserar eg ikkje ynskjer. Eg skreiv ein stad at eg har planar om ikkje kaupe meir enn fem plagg i år. Dette kan verke som ei oppofring av meg sjølv av fine-flotte grunnar, men eigentleg handlar det om at eg ikkje likar å handle, eg får noia av butikkar. Eg får eventuelt drege han utor butikken, utan genser, og han set kursen mot staden han har tenkt å ete. Eg har aldri vore der før, men tykkjer det ser litt pent ut der, og tenkjer at namnet klingar litt pent det også, og eg føler ikkje for å ete der, men far min insisterar. Dickens. Høyr på det. Med Charles ringande i eyrum. Me går inn. Eg innser idet me går inn døra at her skulle eg ha sett ned foten. Trur aldri eg har vore så klar over korleis eg ser ut. For: når ein lyt springje til bussen om morgonane, er det ikkje alltid ein tek seg tid til alt. Som tildømes å greie ut håret. Det hadde eg berre teke opp i ein slags hestehale, ettersom det var tredagarsfett grunna sjampomangel på hybelen. Eg er og noko stusseleg kledt. Utanpå har eg ei kåpe-jakke-ting, men den lyt eg ta av meg der inn, der me får sitjeplass i glasburet, på utstilling. Når kåpa er av, ser ein at eg er ikkje berre kledd i treningsklede, eg er kledd i skitne treningsklede med hol på kneet. Eg har Mikke mus-sokkar, joggesko med malingsflekkar og grønske på buksekanten. Og er eit nervevrak etter køyreturen vår.
Summen av fin resturant+meg=mindreverdkjensler og stress. Eg kjem i tankar om at eg sikkert ikkje kjem til å finne noko mat i menyen her heller. Innan servitøren vår kjem for å ta bestillinga vår, har eg fått alle mistankar bekrefta. Far min bestiller, og så er det meg. Eg spør om det er mogleg å få nr. x utan kylling? Nei, det gjekk ikkje. Kva med dette utan kjøt i sausen? Nei, det er også ferdig innblanda. Men, eg kan få eit kyllingsmørbrød utan kylling, med brie og salat og slikt? Eg hiv meg på, seier ja utan eigentleg å høyre kva det er eg skal få, får berre med meg at det er kjøtlaust og nikkar meg einig. Servitøren ser misbilligande på meg på dette tidspunktet, i det minste i hovudet mitt. Me får sitje i fred, og etter ei stund kjem drikke. Eg har visst bestillt Solo, og eg og far min er dei einaste i lokalet som har sugerøyr. Til vanleg ville eit sugerøyr fått meg til å tenkje noko slikt som “Heeey, så Gøy!” medan no er det meir “Fuckfuckfuck alle dei andre drikk vin. Fuck.”. Pappa forsvinn på toalettet, og eg sit åleine att, saman med ei mengd menneske som har kledd seg opp til laurdagsmiddag på det eg lurer på om er ein av Bergens betre restaurantar. Eg ser ut som eit takras. Nemnde eg at eg på dette tidspunktet har eyeliner på eine auget? Herregud, eg kunne døydd.
Etter maten finn me ut at me berre køyrer heim att. Det er trass alt eit stykke. Far min konkluderar med dette. Eg ville helst opp på Det lille kaffekompaniet, der det litt for ofte er fullt, men stemninga der er så avslappande at det hadde nulla ut heile mat-seansen. Dessuten kunne det passa med kaffe, og serskild den gode som dei har der. Og, dei har så kjekke baristi…
Det skal nemnast at eg har ei eiga evne til å gjere det verste utor ubehagjelege sosiale situasjonar. Det er det eg gjer no. Dickens er sikkert ein veldig fin restaurant å ete på, og maten var jo god. Apropos maten så fekk eg forresten kyllingsmørbrød utan kylling, med bacon. LOL! Pappa fekk det over på sin tallerk, null stress.
Men kle deg etter forholda, versåsnill!
Slik for å toppe dagen, presterar far min å sovne på ferga, snorke så høgt at småjentene på bordet bak oss byrjar å herme før eg får vekka han og slepp ein kjempepromp då eg vekkjer han. Slik for å toppe dagen. Berre slik at eg får klaga av meg alt det teite. Takk vevloggen!